«Watercolour in focus»
Brekstad er ein liten by ut i Trondheimsfjorden ca 1 time med hurtigbåt frå Pirbadet, Trondheim. Dit var formann i NAS invitert til å delta. Sidan TrondE ikkje kunne reisa, sa eg meg villig.
Det er NAS medlem Toril G. Oksvold som er mor og drivkraft til kunstdelen av festivalen. Dette var ein internasjonal akvarellutstilling med avgrensing til Noreg, Island, Estland og Latvia. Utstillinga var både i foajen mellom kulturhuset og hotellet og i festivalkontoret. Me fekk høyra Django Rainhart- inspirert musikk av 3 unge musikerar, ”Tonos Exoticos”, på utstillings-opninga og på konferansen.

Ein del av utstillinga og ei av festival-vertinnene
Utstillinga var variert sidan den var frå mange land og tradisjonar. Folk kom mest for å sjå og oppleva. Det var ikkje stort salg. Det var godt oppmøte på opninga...til tross for at folk kom rett frå ein lang konsert. Sidan største delen var hengt i foajeen mellom kulturhuset og hotellet, var det mange som fekk ei kunstoppleving med seg på veg til og frå konsertar også.
Konferansen:

Asdis Arnadottir gav ei fin presantasjon av ny Islandsk akvarellkunst.
På Island er dei opne for eksperimenter og nye teknikkar. Islendingane er kjent for å vera stolte og modige. Dette viser i deira kunst. Dei Baltiske landa er svært ivrige til å koma inn i samarbeid i Norden og i Europa. Det var difor planlagt ein konferanse på søndagen for deltakarar på utstillinga og for publikum. Eg heldt foredrag om eksempel på ein norsk kunstnar (meg) og medlemskap i NAS og om ECWS utstillingar og symposium. Frå Latvia heldt Janis Spalvins eit lysbilde-foredrag om latvisk og litauisk akvarellkunst. Vårt felles språk er eit enkelt engelsk, men bilder taler og det var eit proffesjonelt og høgt nivå på latvisk og litauisk kunst. Det er ei stor og proffesjonell gruppe som vil søkja seg inn i ECWS. Estland blei medlem i 2011.Dei ynskjer å koma inn i det nordiske samarbeidet også, sidan dei føler seg som nordiske.Eg sa at som individ kan dei melda seg inn i NAS, men ikkje som gruppe, sidan dei ikkje snakkar og forstår skandinavisk. Janis hadde vore medlem i NAS eit par år.
Utafor konferansen vart det også planer lagt om samarbeid i akvarellkunstens namn. Det er ein internasjonal vandreutstilling/ kulturutveksling med tittel «Coast to Coast» Toril G. har lagt egget her også.
Den har vore i Litauen og på Brekstad med suksess. No er det planer om å få det til på Island. Det er ei kulturreise, workshop og utstilling med inviterte kunstnarar frå minst 4 land. Astdis frå Island skulle
prøva å finna ut om det var muligheiter for noko der til neste år.
Happening i BLINK konserten
Me fekk eit stort utvalg med musikk med oss frå festivalen.
Trondheimsolistane,Tre små Kinesere, BLINK, ein hyllest til Tom Waits, Irsk musikk, og endå meir. På BLINK konserten hadde me tre kunstnerane frå Island, Litauen og Noreg, Workshop. Me malte til musikken og så la me resultatet fram på scenen og musikerane fekk velja seg kvar sine musikkakvarellar. Nokon av dei blei faktisk vakre . Musikken inspirerte.

Janis Spalvins er ein ivrig og effektiv maler
Eit Workshop hadde me også på TorilG sitt atelier. Nokre av desse resultata blei gitt til komiteen av festivalen. Janis var den reine malefabrikken han produserte raskt og effektivt strame og dekorative bilder.
På atelierbesøk
Ørlandet viste seg frå si vakraste side med vakre solnedgangar og nydeleg vær. Her er det flatt og frodig. Ein kan visa til ein lang og viktig historie tilbake til fru Inger frå Austdrått og endå lengre... Her er ei flott middelalderborg. Me fekk flott omvisning her. Håkon Gullvåg hadde på denne tid
ei stor utstilling i Austråttborgen.Me fekk koma heim på lunsj til malerinna,Aud Lilleengen, som også hadde utstillling i kafeen i borgen. Ho var ein fantastisk god teiknar, men jobba også i akvarell, olje og pastell.
Ørlandet viste seg frå si vakraste side med vakre solnedgangar og nydeleg vær. Her er det flatt og frodig. Ein kan visa til ein lang og viktig historie tilbake til fru Inger frå Austdrått og endå lengre... Her er ei flott middelalderborg. Me fekk flott omvisning her. Håkon Gullvåg hadde på denne tid ei stor utstilling i Austråttborgen.
Me fekk koma heim på lunsj til malerinna,Aud Lilleengen, som også hadde utstillling i kafeen i borgen. Ho var ein fantastisk god teiknar, men jobba også i akvarell, olje og pastell.

Tilfeldigvis traff me også billedhogger:Astrid Dahlsveen, og fekk æra å koma på hennar verkstad og sjå kva ho jobba med. Nett no var det eit stort arbeid av fru Inger frå Austdrott. Dette var ei kvinne som hadde den anstendige alder av 82 år. Ho var bestemt, sikker og vital.

Her var så mykje kunst, musikk og kultur at den som opna festivalen helst hadde lyst å kalle det eit festspel. Har dei neste år like flott program, syns eg også dei skulle gi det namnet «Festspela på Brekstad».

For NAS
Torild Inger Børretzen